Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Os Eftf.

Karl Os og kontordama hans, Bjørg Lefdal i 1946. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Karl Os og kontordama hans, Bjørg Lefdal i 1946. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Karl Os Eftf. vart grunnlagt i 1907 av Karl Jonson Os. Var den første som starta trelasthandel på Nordfjordeid.

Karl Os Eftf. vart grunnlagt i 1907 av Karl Jonson Os. Var den første som starta trelasthandel på Nordfjordeid.

Han bygde i 1907 eit stort hus mot Almenningen, der Nordfjordeid apotek fekk utsal, og som seinare vart nytta av fotograf Bakke då apoteklet vart flytta over i det nye rådhuset i 1965. Karl Os var m.a. byggmeister for det kjende ungdomshuset Valhall på Nordfjordeid i 1926.

I tillegg til å drive trelasthandel, var Karl Os kommunekasserar i mange år. Sonen Kåre Os tok over trelasthandelen etter faren. Bygningane og kaia som høyrde til trelasthandelen er rivne, medan apotekhuset framleis står.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011