Hopp til innhold
X
Innhald

Kjende personar i Eid fødde år 1850-1900

Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim vart landskjend som salmediktar og forkynnar. Han vart blind i 20-årsalderen. På dette biletet som vart brukt som brurebilete, les kona Maria for han. Eigar av foto: Åshild Orheim Haga/Fylkesarkivet.

Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim vart landskjend som salmediktar og forkynnar. Han vart blind i 20-årsalderen. På dette biletet som vart brukt som brurebilete, les kona Maria for han. Eigar av foto: Åshild Orheim Haga/Fylkesarkivet.

Omtalane er ordna etter fødselsår.

Anders Orheim

(1850–1930) frå Stårheim. Kunstmålar.

Lars Pederson Navelsaker

(1850–1904) frå Navelsaker. Hotelleigar og handelsmann.

Randi Blehr

(1851-1928) frå Bergen. Husflidspionér og kvinnesakskvinne. Gift med seinare statsminister Othto Albert Blehr som ei tid praktiserte som sakførar i Lærdal. Ekteparet budde også ei tid på Nordfjordeid og på Bruland i Førde. Sjå Randi Blehr, Lærdal kommune.

John Myklebust

(1861-1937). Bonde, forretningsmann, offiser og politikar.

Haakon Aasvejen

(1862-1919). Fødd i Hegra i Trøndelag. Utdanna lærar. M.a. redaktør i Fjordabladet. Sjå Haakon Aasvejen under Hornindal kommune.

Johannes Aashamar

(1862-1937), frå Nordfjordeid. Lærar og skulestyrar. Utdanna m.a. på Landbrukshøgskulen på Ås. Dreiv saman med Haakon Aasvejen Friskulen i Hornindal.

Ole Kr. Lefdal

(1862–1952) frå Lefdal i noverande Eid kommune. Skipa Lefdals Fiskeriselskab (Lefdal fiskeriselskap) 1898. Gjekk seinare over til eige firma med fiskeeksport, kolhandel m.m.

Eilert Mehl

Eilert Mehl

Ola Knutson Hjelle

(1863–1949) frå Hjelle. Bonde og dyrlege.

Eilert Mehl

(1865–1941). Kunstmålar frå Nordfjordeid.

Martinus O. Haugen

(1867–1952) på Haugen, busett i Stongfjorden. Ingeniør.

William Henry Singer jr.

(1868-1943), amerikansk biletkunstnar og millionærarving som slo seg ned i Olden. Gav store pengegåver til Nordfjord sjukehus. Sjå William Henry Singer jr. under Stryn kommune.

Pål Oliverson Heggen

(1869-1947)frå Heggjabygda. Bonde og bjørnejeger.

Lorentz Nybø

(1870–1912), fødd i Florø, seinar ebusett på Nordfjordeid. Sentral skribent og bladmann i det radikale, nynorske miljøet på slutten av 1800-talet, m.a. saman med Arne Garborg. Sjå Lorentz Nybø under Flora kommune.

Gabriel Totland

(1871-1949) frå Bryggja i Vågsøy. Forretningsmann og gründer. Sjå Gabriel Totland under Vågsøy kommune. Sjå også: Forretningsfamilien Totland.

Ole Andreas Karlsen.

Ole Andreas Karlsen.

Lars P. Lefdal

(1871-1944) - frå Lefdal i noverande Eid kommune. Bonde, forretningsmann og politikar.

Ole Andreas Karlsen

(1873–1942) fødd i Hornindal, busett på Nordfjordeid. Maskinmeister. Segla under 2. verdskrig først på D/S «Samlanes» som vart sprengd av miner 13. mars 1941. Karlsen kom uskadd frå hendinga. Mønstra deretter på D/S «Nidarland». Omkom 11. november 1942 då skipet vart torpedert i Vestindia på veg frå Buenos Aires til Trinidad.

Peder Paul S. Heggen

(1875-1947) frå Mogrenda. Fabrikkeigar.

Anders A. Lothe

(1875-1961), frå Lote. Busett i Florø. Lærar, redaktør og målmann. Medskipar av Firda Mållag 1899, formann i mange år, og tok initiativet til å å skipe Firda Gymnas på Sandane.

Hans Hansson Høines

fødd 1876 frå Stårheim. Lærar og Venstre-politikar som slo seg til i Rogaland. Der vart han m.a. ordførar i Suldal i 1917 og fformann for fylkestinget i Rogaland i 1945. Vararepr. til Stortinget 1934-1936.

Rasmus Torvik.

Rasmus Torvik.

Rasmus Torvik

(1877-1951) frå Stårheim. Bonde og rektor ved Eid Middelskole, der han arbeidde frå 1904 til 1947. Dreiv frå 1925 skulen som privatskule. Var ein av medskiparane til Eid toårige Gymnas 1922, då dette starta som ei «avdeling» under middelskulen. Torvik var også ei tid redaktør av Fjordabladet.

Sigvart Høines

(1878–1966), frå Stårheim. Misjonær og naturlege.

Anton O. Henden

Anton O. Henden

Anton Olson Henden

(1879–1942) frå Hennebygda. Bonde og politikar. M.a. varaordførar i Gloppen, og med på skipinga av Firda Mållag og Firda Ungdomslag. Vararepresentant til Stortinget for Bondepartiet 1927-1927.

Peder Jacobsen

(1879–1942) grunnla 1922 P. Jacobsen Saftfabrikk, som framleis vert driven av familien. (Sjå også: Storgardane på Nordfjordeid, og Fjordane Skofabrikk under: Fabrikkar og verkstader i Eid).

Jakob Lothe

(1881-1975) frå Lote. Bonde, lærar og politikar.

Eilert Hjelmeseth

(1882-1958) fødd på Nordfjordeid. Emigrerte til USA, der han vart tillitsmann i norske organisasjonar, og redaktør av fleire norske blad. Gav også ut ein historisk roman – «Viinlandsgaaten».

Olav Larsson Os

(1882-1953) frå Nordfjordeid. Bondeparti-politikar og organisasjonsmann.

Matias Orheim

(1884-1958), Stårheim. Salmediktar og forkynnar.

Edvard Os

(1885-1970) frå Nordfjordeid. Offiser og organisasjonsmann i ungdomslag og mållag.

Petra Honeff.

Petra Honeff.

Fredrik (Fred) Gjesdal

(1891-) frå Frislid i Heggjabygda, busett i Amerika. Prest og professor. Utvandra ca. 1910 og busette seg i New York. Utdanna seg til prest, og vart seinare professor i teologi ved Hunter College, New York University.

Oliver H. Langeland

(1887-1958) frå Nordfjordeid. Offiser og motstandsmann.

Petra Honnef (fødd Berge)

(1892-1944), frå Stårheim. Sjå Malene Berge.

Andreas Berg

(1894-1982), frå Bodø, busett på Nordfjordeid. Rektor.

Gustav Reinhard Lie

(1895-1972) frå Haugen, busett på Leikanger. Hotelleigar.

Malene Berge

(1895–1983) frå Stårheim, busett i Bergen. Frelsesarmé-offiser og misjonær.

Hans Chr. Wennevold

(1896-1988). Overlege ved Nordfjord sjukehus frå starten 1936 til 1968. Var også i lange periodar distriktslege i Eid.

Ivar Nord

(1897-1985) frå Nord, busett på Nordfjordeid. Entreprenør.

Karen Benedikte Berg

(1897-1991), frå Helgeroa ved Larvik, busett på Nordfjordeid. Forfattar og journalist.

Hans Horn

(1897-1977) frå Kjølsdalen, busett på Nordfjordeid. Gymnaslektor. Sivilingeniør frå NTH 1922. Tilsett som lektor ved Eids Gymnas frå 1923 til 1967. Saman med rektor Andreas Berg bygde Horn opp eitt av dei mest velrenommerte gymnasa i landet.

Per Lefdal

(1899-1975) frå Lefdal. Biletkunstnar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.06.2013