Hopp til innhold
X
Innhald

Kjende personar i Eid fødde år 1900-1950

Kolbjørn Varmann (1904-1980) frå Nordfjordeid vart stortingsrepresentant, statsråd og fylkesmann.

Kolbjørn Varmann (1904-1980) frå Nordfjordeid vart stortingsrepresentant, statsråd og fylkesmann.

Omtalane er ordna etter fødselsår.:

Ola H. Stokkenes

(1900-1996). Bonde og politikar. Skipa Eid Kristelege Folkeparti, og medlem av kommunestyre i lange bolkar frå 1935. Vararepr. på Stortinget 1961-1965.

Rudolf W. Hansen.

Rudolf W. Hansen.

Rudolf Wilhelm Hansen

(1900–1945) fødd i Dybvåg, busett på garden Roti på Nordfjordeid som han hadde overteke i 1937. Maskinmeister. Mannskap på D/S ”Dukat” som vart teken av japanarane 8. desember 1941 og mannskapet arrestert og sett i fangenskap i Shanghai. Døydde og vart gravlagd der.

Sivert Lund

Sivert Lund

Sivert Lund

(1901–1944) frå Stårheim. Messegut. Sigla under 2. verdskrig på D/S ”Fenja”. Etter landlov saman med nokre kameratar i Harbor Island gjekk robåten deira rundt, og Lund drukna. Han er gravlagd i Aransas, Texas.

Kolbjørn Varmann

(1904-1980), frå Nordfjordeid. Politikar og statsråd for Arbeidarpartiet.

Karl Hafsås.

Karl Hafsås.

Karl Hafsås

(1904–1945) frå Stårheim, utvandra til USA 20 år gamal. Tenestegjorde i 8. amerikanske armé under 2. verdskrig og fall på Vestfronten i midten av april 1945.

Ernst Totland.

Ernst Totland.

Kveldulf Henden

(1905–1942) frå Hennebygda. Sjømann. Var matros på M/S ”Bayard”, og omkom då skipet vart torpedert utanfor munningen av Missisippi den 6. juli 1942, på veg frå New Orleans til Cristobal C.I.

Ernst Totland

(1905–1943) frå Nordfjordeid. Maskinist. Sigla under 2. verdskrig på M/T ”Tananger” og omkom 12. mai 1943 då skipet vart torpedert på veg frå New York til Belfast.

Georg Kragseth.

Georg Kragseth.

Georg Kragseth

(1908-1989). Han grunnla i 1932 G. Kragseths Handelsskole, som i 1965 vart overteken av kommunen som Eids Handelsskule. Skulen var i drift til 1973, då den gjekk inn i Eid v.g. skule.

Hildur Os.

Hildur Os.

Hildur Os

(1913-2009) frå Nordfjordeid. Politikar og sosialsjef i Eid kommune. Søster av Kolbjørn Varmann. Vart som første vararepr. for Arbeidarpartiet den første kvinna frå Sogn og Fjordane som møtte på Stortinget i 1961.

Leif Fjørtoft

(1913-1995) frå Nordfjordeid. Jurist og rådmann.

Peder P. Oos

(1914-2006) frå Nordfjordeid. Kjøpmann, organisasjonsmann og Høgre-politikar.

Alf Frislid

(1915-2003). Grunnla Frislid Konfeksjonsfabrikk i 1946.

Lars Myrold

(1915-2002) frå Stårheim. Bonde, Senterparti-politikar og lokalhistorikar.

Olav Hjelle.

Olav Hjelle.

Sigrid Utkilen

(1916-2006) frå Stårheim, busett i Fjell. Sjukepleiar og Høgre-politikar.

Olav Hjelle

(1917–1940) frå Hjelle. Gardsarbeidar, mobilisert soldat 1940. Drepen av granatsplint den 28. april 1940 under kampane i Valdres.

Hans Piel

(1918-2006) frå Düsseldorf, Tyskland, bustt på Stårheim. Grunnleggjar av Stårheim Bilverksted, (sjå under Fabrikkar og verkstader i Eid). Piel var utdanna bilingeniør, kom til Noreg som tysk soldat under 2. verdskrig og vart gift på Stårheim. Etter nokre år i Tyskland etter krigen, kom Piel tilbake til Noreg og grunnla Stårheim Bilverksted i 1952. Verksemda har i 2001 over 20 tilsette. Piel var leiar i Bilbransjeforeninga i Sogn og Fjordane i ni år.

Per Håland

(1919-1999) frå Høyanger. Journalist og redaktør m.a. i Fjordabladet. Sjå Per Håland under Høyanger kommune.

Harry Botn

fødd 1920. Frå Stårheim. Gardbrukar og biletkunstnar.

Ragnar Ulstein

fødd 1920. Motstandsmann under 2. verdskrig, krigshistorikar og m.a. redaktør for «Fjordabladet». Sjå Ragnar Ulstein under Sogndal kommune.

Knut Osnes

(19222015) frå Nordfjordeid. Bar tilnamnet ”Bossen”. Den første fotballspelar frå Sogn og Fjordane som spela på det norske landslaget.

Audun Bugjerde

(1922-2004) frå Kjølsdalen, busett i Bergen. Næringssjef og friidrettsmann.

Per A. Haavik

(1923-2013) frå Volda, busett på Nordfjordeid. Grossist - sjå: Per A. Haavik grossist- og agenturforretning.

Øyvind Botn

fødd 1928, Stårheim. Biletkunstnar og skribent. Debuterte 1953, i nasjonal samanheng med separatutstilling i UKS, Oslo 1973.

Siv Jørstad

fødd 1929 i Oslo, busett på Løkja og i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist.

Rolf Orheim

fødd 1929 på Stårheim, busett i Florø. Journalist og Arbeidarparti-politikar.

Sverre Heggen

(1930–2017), frå Nordfjordeid. Forsikringsmann og fotballorganisator.

Inge Rotevatn

Inge Rotevatn (1931-2009) fødd i Volda, busett på Leikvin i Eid og i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist. - Sjå Eid kommune.

Knut Hildenes.

Knut Hildenes.

Aslak Lefdal

fødd 1934 på Nordfjordeid, busett i Stryn. Forretningsmann.

Knut Hildenes

fødd 1935 på Nordfjordeid. Bonde, foretningsmann og senterpartipolitikar. I Eid kommunestyre frå 1967. Ordførar 1983-1991. Tilltsverv i energiverk og bankstyre, og i 12 år styreleiar for Fylkessjukehuset på Nordfjordeid. Bygde i 1995 Sentrumsbygget forretningsgard og vart styrar av Rema 1000-forretninga i bygget.

Odd Rønnestad

(1936-2012) frå Eid, busett på Nordfjordeid. Likningsfunksjonær og bogeskyttar.

Arve Naustdal

fødd 1938, frå Naustdal, busett på Nordfjordeid. Lastebileigar.

Anne-Lise Gilleshammer

(Haugen) fødd 1939 i Kjølsdalen, busett i Svelgen. Administrasjonsfullmektig og Arbeidarparti-politikar.

Jon Tolaas

(1939-2012) frå Måløy, busett i Eid. Forfattar. Cand. philol. og lektor ved Eid vidaregåande skule. Sjå Jon Tolaas under Vågsøy kommune.

John Bjarne Hjelmeland

fødd 1939 i Hjelmelandsdalen i Eid, busett i Førde. LO-sekretær og Arbeidarparti-politikar.

Lars Lefdal

fødd 1939 i Lefdal, busett i Leikanger. Vegsjef og Høgrepolitikar.

Finn Egil Eide

fødd 1940 i Sandnes i Rogaland, busett på Nordfjordeid. Biletkunstnar og lektor.

Ole Sverre Haga

fødd 1941 i Fetsund, busett på Stårheim. Barnelege.

Magnus Rindal

fødd 1942 på Leivdal i Eid. Professor og direktør i Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Elisabeth Steen

fødd 1945 i Oslo. Busett på Stårheim. Bilethoggar. Utdanna på Statens Kunstakademi.

Marit Botn Lefdal

fødd 1945 på Naustdal. Kontorsekretær og Arbeidarparti-politikar.

Jan Martin Frislid

fødd 1946, frå Nordfjordeid. Fabrikkeigar.

Åge Starheim

fødd 1946 på Stårheim, busett i Selje. Avdelingsleiar på rekneskapskontor, politikar for Høgre og Framstegspartiet.

Ottar Starheim

(1946-2012) frå Stårheim, busett i Førde. Journalist, redaktør og forfattar.

Olav Smørdal

fødd 1949, Naustdal i Eid. Siv.økonom og assisterande direktør i Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) frå 1980.

Gunvald Ludvigsen

fødd 1949 i Leirfjord i Nordland, busett på Nordfjordeid. Rådmann, sjukehusdirektør og Venstre-politikar.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 08.08.2017