Hopp til innhold
X
Innhald

Kjende personar i Eid fødde før år 1700

Dronning Ingerid budde på Stårheim. Teikning av Inge Rotevatn.

Dronning Ingerid budde på Stårheim. Teikning av Inge Rotevatn.

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Audbjørn

(ca. 840–ca. 870), lokal småkonge over Firdafylke, truleg busett på Myklebust på Nordfjordeid.

Vemund

(ca. 840–ca. 870) lokal hovding, truleg busett på Myklebust. Bror til Audbjørn.

Arne på Stodrheim

( fødd ca. 1100–d. e. 1162) frå Stårheim. Lendmann med stort jordegods.

Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter

(ca. 1110–etter 1161). Ingerid var norsk dronning ca. 1134-1136. Ho var gift med lendmann Arne på Stodrheim, som var den fjerde ektemaken hennar.

Margrete Arnesdotter

( fødd ca. 1154). Dotter av lendmann Arne på Stodrheim og Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter.

Nikolas Arnesson

(d. 1225). Kalla «Baglarbispen» fordi han under borgarkrigstida på 1100-1200-talet var leiar for baglarane, som kjempa om makta mot kong Sverre og Birkebeinarane.

Filippus Simonsson

(f.ca. 1180-1217). Baglarkonge som på morssida ætta frå Stårheim.

Christian Lindenow

(ca. 1640-1700) truleg frå Danmark, busett på Gjerde på Nordfjordeid. Amtmann.

Peder R. Finde

(ca. 1675-1739) frå Gloppen, busett på Nordfjordeid. Prost og stor jordeigar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.01.2011