Hopp til innhold
X
Innhald

Kjøllesdal Handelsforening

Kjølsdalen Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjølsdalen Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjøllesdal Handelsforening dreiv frå 1890-talet landhandel, bakeri og telefonstasjon i Kjølsdalen.

Butikken vart i 1905 teken over av Peder M. Johnsen frå Haus, og i 1906 vart han også telefonstyrar. Johnsen hadde vore sanitetssoldat i det militære, og bygdefolket søkte til han når dei skulle trekkje tenner eller sy saman sår.

Forretninga vart overteken av svigersoen John Kjøllesdal i 1927. Ektemaken hans, Aslaug, var telefonstyrar i bygda. Kjøllesdal bygde nytt forretningsbygg på 1950-talet.

Butikken vart seinare overteken av sonen Jostein Kjøllesdal. Bjørn Aardal tok over butikken då Jostein døydde i 1983. Deretter var Jan Sætre ei tid eigar av butikken, før eit folkeaksjeselskap overtok i 2003 for å berge den siste nærbutikken i bygda. Selskapet heitte Kjølsdalen Handel AS og hadde 104 aksjonærar i bygda. Tanken var at Kjølsdalen Handel skulle vere eit samlingspunkt for bygdefolket, og butikken vart utstyrt med både kaffikrok og leikeavdeling for born.

I 2006 overtok dansken Jan Snild Johansen butikken. I 2010 la han ned butikkdrifta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011