Hopp til innhold
X
Innhald

Kjølsdalen kyrkje

Kjølsdalen kyrkje under bygging i 1939. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjølsdalen kyrkje under bygging i 1939. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kjølsdalen kyrkje i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjølsdalen kyrkje i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjølsdalen kyrkje vart bygd i 1940. Arkitekt var Fr. Crawford-Jensen. Altartavla er måla av Jørgen Stene. Kyrkja vart sterkt skadd under nyttårsorkanen i 1992, då kyrkjeskipet vart pressa skeivt slik at det stod som ein boge mot eine sida. Etter denne hendinga vart kyrkja reparert og forsterka med ståldragarar på langsidene for å sikre at ikkje noko liknande skulle hende seinare.

Kyrkjestriden mellom Davik og Haus

Ole Abrahamson Haus frå Haus var den første ordførar frå bondestanden i Davik kommune då han vart vald til ordførar i 1872. Han kom frå Oppheim i Loen, og vart gift til Haus i 1856. Han sat i kommunestyret frå 1862 til 1867 og 1890 - 1893, av desse fire år som varordførar og fem år som ordførar.

I tillegg til å få skipa dampskipskai og postopneri på Haus, gjorde Ole A. Haus det til si livsoppgåve i kommunepolitikken å få flytta hovudkyrkja i prestegjeldet og prestegarden frå Davik på sørsida til Haus på nordsida av fjorden. Aksjonen skapte stor strid og mykje vondt blod i mange år i gamle Davik kommune, men Haus vann ikkje fram med flytteprosjektet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011