Hopp til innhold
X
Innhald

Klokkemakarane Nord og Ryst

Olav Haugen eig ei av klokkene som Erik Nord laga. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olav Haugen eig ei av klokkene som Erik Nord laga. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Erik O. Nord og Henrik H. Ryst gjorde seg kjende som klokkebyggjarar.

Stortingsmann Erik O. Nord var ein av dei mest tiltaksame menn i Nordfjord tidleg på 1800-talet. Han var son til byggmeister Ola Haugen (sjå denne under Kjende personar i Eid fødde år 1700-1800) som m.a. hadde bygd sorenskrivargarden på Løkja, hovudhuset på storgarden Gjerde (Yris Hotell) og prestegarden på på Vereide. Erik dreiv m.a. sagbruk i Svelgen og handelsstaden på Bryggja. Han var også ein dugande børsesmed og klokkebyggjar. Enno finst det «Nord-klokker» som tikkar og går den dag i dag.

«Rystaklokkene»

Ein annen klokkebyggjar frå Eid var Henrik H. Ryst på garden Rysta på Haugen. Kunsten hadde han lært då han var utkommandert soldat i krigen 1807–1814. Også etterkomarane til Henrik H. Ryst lærde seg å byggje dei velkjende «Rystaklokkene».

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011