Hopp til innhold
X
Innhald

Knut A. Hjelle

Vegkrysset på Hjelle med Knut A. Hjelle sin butikk og beninstasjon før brannen i 1968. Vi ser av skiltet på huset at Hjelle var Shell-forhandlar. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vegkrysset på Hjelle med Knut A. Hjelle sin butikk og beninstasjon før brannen i 1968. Vi ser av skiltet på huset at Hjelle var Shell-forhandlar. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Knut A. Hjelle starta landhandel i vegkrysset til Stigedalsvegen på Hjelle i 1938.

I dette huset leigde Peder Sporsem lokale til ein konfeksjonsfabrikk i nokre år under 2. verdskrig.

Knut A. Hjelle dreiv også bensinstasjon. Landhandelen vart lagd ned då huset brann i 1968, medan bensinstasjonen vart driven vidare av sonen Asbjørn Hjelle, som seinare starta Hjelle Traktorservice i bygget. Dette firmaet vart seinare overteke av sambygdigen Svein Hjelle.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.01.2011