Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Osnes

Knut Osnes. Foto: VG.

Knut Osnes. Foto: VG.

Knut Osnes (1922–2015) frå Nordfjordeid. Fotballspelar og trenar. Han bar tilnamnet «Bossen» og var den første fotballspelaren frå Sogn og Fjordane som spela på det norske landslaget. Han debuterte på landslaget i 1946.

Han starta idrettskarrieren i Eid Fotballklubb, der han debuterte som 16-åring i 1938. Frå 1945 var han i Oslo-klubben Lyn, samstundes som han gjekk Statens gymnastikkskole. Den første sesongen scora han 37 mål på 16 serie- og cupkampar. I ein cupkamp mot Falken frå Trondheim sette han inn åtte mål då Lyn vann 12-0.

I perioden 1946-48 spela Osnes seks landskampar og scora fem mål. Problem med synet gjorde at han måtte avslutte den aktive karrieren tidleg. Han var seinare trenar for Vålerenga, Lyn, Ålesund og Strømsgodset. Han var den første heilprofesjonelle fotballtrenaren i Noreg. Han leia Lyn fram til to norske meisterskap og til kvartfinale i cupvinnar-cupen mot Barcelona i 1969.

Knut Osnes frå Nordfjordeid var den første frå Sogn og Fjordane på det norske fotballandslaget. Her set inn eitt av sine seks landslagsmål på straffe mot Danmark i 1947.

Knut Osnes frå Nordfjordeid var den første frå Sogn og Fjordane på det norske fotballandslaget. Her set han inn eitt av sine fem landslagsmål på straffe mot Danmark i 1947.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.08.2015