Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Eid

Det kombinerte heradshuset og skulebygget Tingvoll i halvferdig stand i 1900. Bygningsarbeidarane poserer for fotografen. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Det kombinerte heradshuset og skulebygget Tingvoll i halvferdig stand i 1900. Bygningsarbeidarane poserer for fotografen. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 til 1863 var Eid og Hornindal ein kommune. Første ordførar i Eid var sokneprest Johan Herman Lie (1838-1841 og 1844-1851).

Kommunedeling i 1863

Etter kommunedelinga i 1863 gjekk den austlege grensa til Eid ved Skaugset på sørsida av Hornindalsvatnet og ved Åsebø på nordsida av vatnet. I vest grensa Eid mot tidlegare Davik kommune på Reksnes og ved Hammeneset.

Ny regulering i 1964

Ved kommunereguleringa i 1964 vart nabokommunane Davik og Hornindal avvikla (Hornindal mellombels). Frå Davik fekk Eid kommune bygdene på nordsida av fjorden: Lefdal, Haus, Ervik, Kjølsdalen og Reksnes, og på sørsida Torheim. Frå Hornindal fekk Eid bygdene Skrede og Holmøyane på sørsida av Hornindalsvatnet, og Heggjabygda og Navelsaker på nordsida av vatnet.

Lote fekk vegsamband til Nordfjordeid i 1966. Det gjekk 26 år før bygda vart overførd frå Gloppen til Eid kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lote fekk vegsamband til Nordfjordeid i 1966. Det gjekk 26 år før bygda vart overførd frå Gloppen til Eid kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lote og Hennebygda til Eid i 1992

I 1992 vart bygdene Lote og Hennebygda overførte frå Gloppen kommune til Eid.

Rådhus bygd i 1965

I 1900 bygde Eid kommune kombinert «rådhus» og skulehus for Fjordane Fylkesskule på Myklebust. Til då hadde fylkesskulen (amtsskulen) ambulert mellom Vereide, Innvik og Florø. Rådhuset, som hadde namnet Tingvoll, og som også hadde tent som forsamlinghus for bygda, brann ned i 1972. Eid kommune bygde i 1965 nytt rådhus i Nordfjordeid sentrum.

Eid rådhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid rådhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Politisk leiing

Andre historieseider:

*Historia i Eid *Krigshistoria i Eid

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.02.2011