Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Eid

Kong Olav på Nordfjordeid i 1958. Ordførar Berge Smørdal held tale. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Olav på Nordfjordeid i 1958. Ordførar Berge Smørdal held tale. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Christian VI gjesta Nordfjordeid i 1733 i samband med i stor Noregs-reise der m.a. dronning Sofie Magdalene og 150 andre fylgde med. Han kom nordfrå Trondheim over Mannseidet til Selje, der han overnatta i prestegarden. Dagen etter kom fylgjet til Nordfjordeid, der kongen mønstra alle militærkompania i Nordfjord.

Kong Olav på Nordfjordeid i 1958. Ordførar Berge Smørdal held tale. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Olav på Nordfjordeid i 1958. Ordførar Berge Smørdal held tale. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Oscar II

gjesta Nordfjordeid og eksersisplassen den i 1896. Fleire hundre soldatar frå Fjordane og Sunnmøre vart mønstra til stor parade.

Kong Olav V

gjesta Nordfjordeid første gong som kronprins i 1938 saman med kronprinsesse Märtha. Dei kom nordfrå til fylket over den nye Stigedalsvegen. Kronprinsparet var m.a. til frukost hos kjøpmann og major Knut Moen som hadde vore skulekamerat med Olav på Krigsskolen i 1924. (Saman med dei andre i skuleklassen vart Moen kvart år heilt fram på 1970-talet invitert til middag på Slottet).

Kong Olav V gjesta også Nordfjordeid i 1949 som kronprins saman med kronprinsesse Märtha, og i 1958 i samband med 100-årsjubileet til Fylkesbaatane.

Kronprinsparet på besøk i 2006

I september 2006 var kronprinsparet Haakon og Mette-Marit på offisiell gjesting i seks kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.

Kronprins Haakon helsar på to unge med krone på Nordfjordeid under besøket i 2006. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Kronprins Haakon helsar på to unge med krone på Nordfjordeid under besøket i 2006. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Dronning Sonja

vitja Nordfjordeid i oktober 2009 i samband med framføring av det første operastykket i det nye operahuset; ”Carmen” av George Bizet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011