Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Eid

Kviafossen ca. 1914. Foto: Isak I. Hellebust © Fylkesarkivet.

Kviafossen ca. 1914. Foto: Isak I. Hellebust © Fylkesarkivet.

Eid kommunale elektrisitetsverk bygde kraftverk i Kviafossen øvst i Eidselva i 1915. Kraftverket forsynte tettstaden og Eidsbygda elles med elektrisk straum, og storhendinga vart markert med «lysfest» i kommunehuset.

Første oreigninga til kraftføremål

I Kviafossen sette kvernhuseigarar og andre seg imot at vassfallet skulle nyttast til kraftproduksjon, og kommunen måtte oreigne i 1911. Dette skulle vere første gong at ein tydde til oreigning i ei slik sak her til lands, hevdar bygdebokforfattaren Edvard Os. Grunnen til den harde striden om Kviafossen var at det låg laksegardar og ei mengd sager og andre småbedrifter som var drivne med vasshjul i fossen, og som kunne verte skadelidande dersom det nye kraftverket for av med mykje av vatnet.

Det kommunale elektrisitetsverket bytte seinare namn til Eid Energi. Det vart frå årsskiftet 2001/2002 skipa som heileigd dotterskap av Ytre Fjordane Kraftlag (YFK), som i 2002 vart ein del av Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Balsnes Elektrisitetsverk

Balsnes Elektrisitetsverk på Hauane vart bygd ut i 1937. Dette var det største av småkraftverka og var i drift til 1961. Stårheim Kraftlag bygde ut forsyningsnett i Stårheim, men kjøpte krafta m.a. frå Balsnes Kraftverk, og frå 1953 frå Firdakraft sin nye stasjon i Øksenelvane (sjå Gloppen kommune).

Elles vart det i tida frå 1915-1950 bygd ei mengd gardskraftverk kringom i kommunen.

Administrasjonsbygningen til Eid Energi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Administrasjonsbygningen til Eid Energi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Energi

Det kommunale Eid Energi er skipa som heileigd dotterskap av Ytre Fjordane Kraftlag - YFK frå årsskiftet 2001/2002.

Eid først ute med fjordvarme

I 2003 bygde Eid kommune ut eit stort anlegg på Nordfjordeid for varmegjenvinning frå Eidsfjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011