Hopp til innhold
X
Innhald

Kremmar og kyrkjeeigar på Skipenes

På dette biletet av Nordfjordeid frå før 1900 ser vi Skipenes heilt til venstre, på sørsida av Eidselva.

På dette biletet av Nordfjordeid frå før 1900 ser vi Skipenes heilt til venstre, på sørsida av Eidselva.

I tillegg til Myklebust og Gjerde, var det også handel på Skipenes. Denne garden ligg på sørsida av Eidselva, og det var vanleg at jektene vart dregne opp og fortøya i Jektesteinen og Skottefurua på Skipenes. Furua hadde fått namnet etter den livlige varehandelen med skottar som gjekk føre seg m.a. i Nordfjord på 1600- og 1700-talet.

Rik sunnmøring overtok

Då handelen på Myklebust vart lagd ned i 1719, nytta eigaren av Skipenes, Didrik Madsen, høvet til å få drive handel og gjestgiveri på garden sin. I 1742 fekk Dorte Jetmundsdotter skøyte på Skipenes (les elles artikkelen Dorte-kista på Skipenes) og i 1747 tok brorsonen hennar, Ola Pederson Honningdal frå Skodje på Sunnmøre over. Honningdal dreiv også eit vertshus på garden Osnes, og var elles ein rik mann som eigde gardslutar i Leivdal, Heggja og Kjørstad.

Kjøpte alle kyrkjene

Men i 1757 tok ein slektning av sonen til Didrik Madsen, Didrik Didrikson, tilbake Skipenes på odel. Honningdal måtte reise tilbake til Sunnmøre. Men han fekk med seg verdfulle pantebrev både på garden og på gjestgiveria som han hadde drive i Eid. Didrik Didrikson kjøpte elles alle kyrkjene i prestegjeldet i 1755, d.v.s. at han sikra seg tiendeinntekter frå kyrkjene i Stårheim, Eid og Hornindal.

Men Didrik vart ikkje kyrkjeeigar lenge: I 1771 kom han i økonomiske vanskar og måtte selje dei tre kyrkjene til presten Samuel Bugge Leganger, sonen til den søkkrike Iver Iversen Leganger på Leikanger i Sogn. I 1776 var det slutt for Didrik Didrikson som kremmar på Skipenes. Han hadde pantsett gard og innbu til langt over pipa, og garden med handel og gjestgiveri vart seld på tvangsauksjon til «enkemadam» Ingeborg Marie Vidsteen for 750 riksdalar. Men ho var oppteken med å drive handelen sin i Stårheimsvik (sjå artikkelen Gamal handel og gjestgiveri på Stårheim).

Difor let ho Skipenes-garden og drifta av det heile over til svigersonen Henrik Nilsson Tonning. Han var lensmannsson frå Davik som ætta frå den rike kremmarslekta Tonning frå Stryn ( sjå Stryn kommune, artikkelen Storgarden og handelsstaden Tonning ). Henrik dreiv ikkje garden sjølv, men bygsla den bort.

Slutt på handelen

I 1799 var det slutt på handelen på Skipenes. Då kjøpte eigaren av handelsstaden på Vågsberget, Johan Ludvig Mowinckel Skipenes-garden, la ned krambua og bygsla jorda bort til to bønder.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011