Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Eid

Nordfjordeid var i mange år prega av at det var eit militært standkvarter der. Her står heile regimentet oppstilt ein gong tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Nordfjordeid var i mange år prega av at det var eit militært standkvarter der. Her står heile regimentet oppstilt ein gong tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Vetane på Hundeidsfjellet og ved Heggjabygda

Det gamle vetesystemet med tenning av eld forvarsling av krig og ufred gjekk frå kysten og innetter Nordfjord. I Eid kommune er det Taklo-veten på Hundeidsfjellet som er mest kjend.

Segna om sigershuva frå Nor

Rasmus Olson Nord, bror til den kjende handelsmannen og stortingmannen Erik O. Nord, var soldat i krigen mot svenskane i 1814.

Hogg av fingeren på sonen

Jon Mikkelson Sundal (1777-1860) frå Kjølsdalen hogg av ein finger på ein av sønene for å få han fri frå militærteneste i ufredsåra 1807-1814.

Eit militært musikkorps på Nordfjordeid ca. 1900. Framme i midten leiaren Samuel Kjøsnes frå Jølster. Korpset vart kalla Kjøsnesmusikken.

Eit militært musikkorps på Nordfjordeid ca. 1900. Framme i midten leiaren Samuel Kjøsnes frå Jølster. Korpset vart kalla Kjøsnesmusikken.

Eksersisplassen på Nordfjordeid

Eksersisplassen på Nordfjordeid har eksistert sidan 1628, og er såleis den eldste i landet. Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen, som også var kommandoplass under Måløyraidet.

Soldatar som skal på nøytralitetsvakt under første verdskrigen går om bord i Firda på Nordfjordeid i 1915. Foto utlånt av Histoirisk galleri, Lars Lunde.

Soldatar som skal på nøytralitetsvakt under første verdskrigen går om bord i Firda på Nordfjordeid i 1915. Foto utlånt av Histoirisk galleri, Lars Lunde.

Eksersisplass på Lote

Skulemannen og historikaren Anders A. Lothe meiner det også har lege ein militær eksersisplass på Øvrebøen på Lote i gamal tid – truleg frå tidleg på 1600-talet og i 90 år fram til 1718.

2. verdskrig:

Krigsutbrotet 1940

Ved mobiliseringa i aprildagane 1940 vart det sett opp ein landvernbataljon med kring 110 mann på eksersisplassen på Nordfjordeid.

Britiske rømlingar til Nordfjordeid

På same vis som i Årdal - freista britiske soldatar som flykta frå kampane i Gudbrandsdalen, og ta seg ut til kysten gjennom Stryn.

Stor tysk eksersisplass på Nordfjordeid

Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen på Nordfjordeid

Heimefrontsoldatar marsjerer gjennom Eidsgata 17. mai 1945.

Heimefrontsoldatar marsjerer gjennom Eidsgata 17. mai 1945.

Våpensmugling og terror

I samband med opprulling av våpenruter og motstandsfolk på Vestlandet i kjølvatnet av Televåg-aksjonen 1943, vart det avslørt ei våpenrute frå øya Silda til Hunvik, og derfrå mot Austlandet.

Bombinga av ”Wartheland”

12. desember 1944 bomba 23 allierte fly ein tysk konvoi ved Nordfjordeid.

Gestapo-terror på Torheim

Torheim er ei lita grend i Eid som vender mot Ålfotfjella, der Milorg-gruppa «Snowflake» låg løynd i dei siste månadane av 2. verdskrig.

Kapitulasjonen

Etter den tyske kapitulasjonen i 1945 vart tyske soldatar frå heile fylket som venta på å verte sende heim til Tyskland, samla på på Nordfjordeid. I entetida vart dei m.a. nytta til å byggje fotballbane i Bjørlomona for idrettslaget «Bamse» (- Sjå Idrettslaga på Nordfjordeid)

Feiring av Frigjeringsjubiléet på Nordfjordeid i 1995.

Feiring av Frigjeringsjubiléet på Nordfjordeid i 1995.

Falne og omkomne frå Eid

Folk frå Eid i tysk fangenskap

Kommunalt industrifelt og Hærmuséum

I 1972 gjorde Forsvaret eit makeskifte med Eid kommune som førde til at dei militære eigedomane på Nordfjordeid vart tekne over av Eid kommune i 1976.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011