Hopp til innhold
X
Innhald

Krøterdrifter over Lote

I den tida sjøen og fjorden vart viktigaste ferdsleveg, låg ferjebygda Lote lagleg til når ferdafolk reiste inn og ut etter Nordfjorden.

På Lote var det skysskifte for rorslaga. Framme på neset Skjera på Lote stod varden Kron - ein låg steinvarde som truleg vart sett opp som seglingsmerke av borgarar som budde på Lote på 1600-talet.

På Lote låg det truleg ein militær ekserserplass for Nordfjord-kompaniet på 1600-talet. Her var det tingstad, og den gamle ferdsle- og driftevegen nordom fjellet til Eid gjekk over Lotsskaret. Driftevegen vart heilt fram til kring 1900 nytta av fehandlarar – særleg frå Numedal – som kjøpte opp krøter på Sunnmøre og Nordfjord og som dreiv dei austover gjennom Gloppen, Sunnfjord og Sogn.

Folket på Lote hadde gode ekstrainntekter på å føre dyra – ofte 100 dyr i kvar drift – over til Andabøen på sørsida. Då nytta lotsarane «storkyrkjebåten».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.05.2008