Hopp til innhold
X
Innhald

Kunstnarparet Rotevatn og Jørstad

Inge Rotevatn og Siv Jørstad tok i 1974 over den freda, med forfalne sorenskrivargarden Leikvin på Løkja. Eigar var då Eid kommune.
Dei to la ned eit stort arbeid ved restaurering av den store trebygningen frå 1700-talet på ialt 600 kvadratmeter.

Frå 1976 og i 20 år dreiv ekteparet Leikvin Kultursenter i bygningen, med kunstutstillingar, konsertar osb. I den gamle fjøsbygningen vart det seinare opna ei museum for jordbruksreidskapar.

Ekteparet har fått Fylkeskulturprisen og Eid kommune sin kulturpris for arbeidet sitt på: Skrivargarden Leikvin.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.03.2008