Hopp til innhold
X
Innhald

Kviafossen

På dette måleriet til Eilert Mehl ser vi litt av det som vart skapt ved Kviafossen.

På dette måleriet til Eilert Mehl ser vi litt av det som vart skapt ved Kviafossen.

Kviafossen øvst i Eidselva har sidan 1600-talet vorte nytta til industri. Før Eid kommunale Elektrisitetsverk - sjå Kraftforsyninga i Eid - bygde kraftstasjon i 1915, var det både møller og fleire sagbruk ved fossen.

I 1603 er det registrert to oppgangssager ved Kviafossen. På nordsida stod den største saga – Vedvik-saga. Her låg også ei større bygdemølle som frå ca 1900 vart drive av Hans Heggen Bjørlo, og seinare av sonen Nils fram til 1960. Mølla kunne male opptil 300 tonn i året.

I 1909 starta Paul Heggen snikkarverkstad og møbelfabrikk ved Kviafossen - sjå Heggen Møbelfabrikk AS. Fabrikken er seinare flytta til ny tomt nærare Hornindalvatnet og mykje utvida. Eid kommunale El.verk måtte oreigne Kviafossen då kraftverket vart bygt i 1915 fordi andre brukarar av fossefallet var sterkt imot kraftreguleringa.

Kviafossen med oppgangssag i 1856.

Kviafossen med oppgangssag i 1856.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011