Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjebyggjarane frå Eid

Selje kyrkje er mellom kyrkjene Gjert Rasmusson Lien har bygd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje kyrkje er mellom kyrkjene Gjert Rasmusson Lien har bygd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svært mange kyrkjer i Fjordane og på Sunnmøre er bygde av byggmeistrar frå Eid kommune frå 1849 (Eid kyrkje) til 1960 (Nord-Vågsøy kyrkje).
Kjende kyrkjebyggjarar frå Eid var Ole Olsen Løken (også nemnd Ola Olson Lid), Jakob og Gjert Rasmusson Lien, Jørgen Myroldhaug, Rasmus Nøstdal, Anders Karlsen og Ivar Nord. I Sogn og Fjordane har Ole Olsen Løken bygd kyrkja på Nordfjordeid, Norum kyrkje ved Slinde i Sogndal kommune og Bakka kyrkje ved Nærøyfjorden - den siste saman med Rasmus Nøstdal.

Gjert Rasmusson Lien

har bygd kyrkja i Davik saman med Jakob Lien, Stårheim kyrkje, Hornindal kyrkje, Nedstryn kyrkje, Kalvåg kyrkje saman med Rasmus Nøstdal, Selje kyrkje, Oppstryn kyrkje og kyrkjene Holsen og Haukedalen - begge dei siste i Førde kommune. Nordanfor fylkesgrensa bygde han kyrkjene i Fiksdal, Ørskog og Sunnylven.

Elles har Jørgen Myroldhaug bygd kyrkja i Bremanger, Rasmus Nøstdal kyrkja i Kalvåg saman med Gjert Rasmusson Lien, Jon Sefland Breim kyrkje, Anders Karlsen nyekyrkja på Gimmestad i Gloppen, og Ivar Nord Raudeberg kyrkje.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011