Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Eid

Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid kyrkje

vart bygd i 1849 og har eit praktfullt interiør laga av kunstnaren og treskjeraren Lars Kinsarvik.

Kyrkjetømmeret frå Hornindal

På garden Øvre Osnes på Nordfjordeid skal dei eldste husa vere sett opp av tømmer frå ei kyrkje i Hornindal som var bygd på 1600-talet.

Stårheim kyrkje

vart bygd i 1864.

Kjølsdalen kyrkje

vart bygd i 1940.

Heggjabygda kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heggjabygda kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heggjabygda kyrkje

vart bygd i 1936. Arkitekt var Anders Karlsen. Atlartavla frå 1936 er måla av Jens Leivdal.

Kyrkjebyggjarane frå Eid

Svært mange kyrkjer i Fjordane og på Sunnmøre er bygde av byggmeistrar frå Eid kommune frå 1849 (Eid kyrkje) til 1960 (Nord-Vågsøy kyrkje).

Kyrkjestriden mellom Davik og Haus

Ole Abrahamson Haus gjorde det til si livsoppgåve i kommunepolitikken på få flytta hovudkyrkja i prestegjeldet og prestegarden frå Davik på sørsida til Haus på nordsida av fjorden.

Privat gravstad i Holmøyane

På ein av holmane i Hornindalsvatnet like ut for garden Holmøy ligg ein av dei få private familiegravstadene i Sogn og Fjordane. Det er folk frå slekta som bygde og dreiv Holmøy Arbeidsskule som ligg gravlagde her. I 1904 fekk Ola Hansson Holmøy løyve av Kongen til å leggje familiegravstaden på den vesle holmen.

Holmøyane, der det er ein privat gravplass. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmøyane, der det er ein privat gravplass. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 18.03.2014