Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjestriden mellom Davik og Haus

Davik kyrkje. Foto Ottar Starheim, NRK.

Davik kyrkje. Foto Ottar Starheim, NRK.

Ole Abrahamson Haus frå Haus var den første ordføraren frå bondestanden i Davik kommune då han vart vald til ordførar i 1872. Han kom frå Oppheim i Loen, og vart gift til Haus i 1856. Han sat i kommunestyret frå 1862 til 1867 og 1890-1893, av desse fire år som varaordførar og fem år som ordførar.

I tillegg til å få skipa dampskipskai og postopneri på Haus, gjorde Ole A. Haus det til si livsoppgåve i kommunepolitikken å få flytta hovudkyrkja i prestegjeldet og prestegarden frå Davik på sørsida til Haus på nordsida av fjorden. Aksjonen skapte stor strid og mykje vondt blod i mange år i gamle Davik kommune, men Haus vann ikkje fram med flytteprosjektet.

Ein av dei som engasjerte seg for å halde på Davik som kyrkjestad, var soknepresten Nicolai Christian Larsen (1813–1885).

Haus i 1953. Hit ville Ole Abrahamson Haus flytte kyrkja i Davik. På biletet ser vi kaia som han bygde.

Haus i 1953. Hit ville Ole Abrahamson Haus flytte kyrkja i Davik. På biletet ser vi kaia som han bygde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011