Lag og organisasjonar i Eid

Utvida mannskap i Eids Orkesterforening som arrangerte Schubert-aften i Valhall. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.
SAMLESIDE:
Idrettslag og -anlegg i Eid
Eid Idrettslag er eitt av dei eldste idrettslaga i landet, og Eidsbygda Skyttarlag er mellom dei eldste skyttarlaga.
ENKELTOMTALAR
Første mållaget i Nordfjord
Første mållaget i Nordfjord vart skipa i Kjølsdalen i 1869.

Bedehuset Betania på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Indremisjonen i Eid
Nordfjord Fællesforening, det som seinare vart heitande Nordfjord Indremisjon, vart skipa i 1879 med lærar Henrik Stokkenes, Nordfjordeid, som første formann.
Gugner skyttarlag
vart skipa i Hennebygda i 1886 og var i drift til 1982. På Lote var det eit skyttarlag som kalla seg «Hjortheim» på 1880-talet.
Hjortheim skyttarlag
- sjå Gugner Skyttarlag.

Hendens Ungdomslag ca. 1910. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
Henden Ungdomslag
i Hennebygda vart skipa kring 1887 og bygde ungdomshus i 1947.
Klusianarane
var ei lita, religiøs sekt som var aktiv på Nordfjordeid på slutten av 1800-talet. Ola O. Egge frå Skårhaug var leiaren for sekta som ein ikkje kjenner opphavet til.

Hjelle ungdomshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hjelle Ungdomslag
vart skipa i 1889 som såkalla «leselag». I 1894 gjekk laget over til å verte «samtalelag» (med foredrag og diskusjonar om ulike samfunnsemne). Ei tid dreiv laget også eit songkor. Laget låg nokre år nede, man vart starta på nytt i 1906 av Olav T. Leivdal. I 1914 bygde laget ungdomshus saman med Hjelle Skyttarlag. Huset vart utvida i 1932.

Ungdomshuset Valhall på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Eid Ungdomslag
vart skipa rundt 1890 etter opptak frå m.a. Lorentz Nybø og Haakon Aasvejen. Laget bygde i 1927 det store ungdomshuset «Valhall» på Nordfjordeid. I 1934 arrrangerte laget ei stor varemesse, og i 1939 var det vertskap for landsstemna til Noregs Ungdomslag. Laget har gjennom tidene hatt eigne skodespel- og musikkgrupper.

Ungdomshuset Fram på Stårheim.
Stårheim Ungdomslag
vart skipa kring 1890 og bygde ungdomshuset «Fram» i 1936. Huset vart påbygd kring 1980, og mykje modernisert i 2002.

Festsamling framfor Losjehuset på Nordfjordeid. Foto utlånt av Utnes.
Losje Morgendæmring
Fråhaldslag skipa på Nordfjordeid i 1892, og fekk frå starten 25 medlemer. I 1896 skipa laget barnelosjen Foreldreglæden med 64 medlemer. Laget bygde «Losjehalla» på garden Myklebust i 1898. Dette var det viktigaste forsamlingslokalet - også til idrettsøvingar - på Nordfjordeid fram til ungdomshuset «Valhall» vart bygt i 1927.

Kjølsdalen skule og samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjøllsdals Ungdomslag
vart skipa i 1893 av presten og organisasjonsmannen Reiel Nybø som dette året var framhaldsskulelærar i Kjølsdalen. Laget dreiv dei første åra m.a. med stor skogplanting i såkalla «fredsskogfelt». Ungdomslaget låg nede i fleire år før det vart organisert på nytt i 1911.
Haugen Ungdomslag
vart skipa i 1893, og bygde ungdomshuset «Vårtun» i 1929 saman med skyttarlaget og jordbrukslaget i bygda. I 1915 samla laget inn pengar til våpen og utstyr for Nordfjord Bataljon, og i 1919 til hjelp for naudlidande i Austerrike.

Losje Nora på Nor i 1944. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
IOGT-losje Nora
på Nor vart skipa i 1894. Losjen bygde eige hus i 1898. Det stod til det vart rive i 2010.
Kjølsdalen Fraahaldslag
vart skipa i 1900 med 16 medlemer frå starten. I 1904 vart det skipa barnefråhaldslag i bygda.
Hundeide Ungdomslag
vart skipa i 1901 av lærar Johan Mørkesæthaug. Laget heitte «Samhald» den første tida, og bygde i 1937 ungdomshuset «Skogheim».
Sudstranda Ungdomslag
i Holmøyane vart skipa i 1902 av Hans M.O. Holmøy, Jens Årøy og Per J. Storevik.

Haugen bedehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Haugen indremisjonsforening
vart skipa i 1906. Bedehuset til laget har i nyare tid også varte nytta til barnehage.
Eid Bondelag
vart skipa kring 1905 og heitte dei første åra Eid Landboforening. Eid Bondelag slo seg i 2009 saman med Stårheim Bondelag og fekk etter samanslåinga 250 medlemer. Haugen og Dalen Bondelag vart slege saman med Eid Bondelag kring 2007. Elles har Kjølsdalen og Hennebygda sine eigne bondelag.
Kjølsdalen indremisjon
vart skipa i 1909. Laget bygde bedehuset "Betania" i 1914. Huset vart utvida i 1964 og i 1993.
IOGT-losje Stodrheim
på Stårheim vart skipa i 1910.

Eid Mannskor. Foto: Lars Lunde.
Eid Mannskor
vart skipa i 1912.

Eid Musikklag i tidsrette uniformer i framsyninga Elskhug og eksersis.
Eid Musikklag
vart skipa i 1913. Musikklaget hadde tradisjon med ein årleg vårkonsert i ungdomshuset Valhall. Musikklaget framførte også skodespel på desse tilstellingane. Alf Andersen var dirigent for musikklaget i 25 år. .
Heggjabygda ungdomslag
vart skipa i 1915.

Ungdomshuset i Hjelmelandsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Hjelmelandsdalen Ungdomslag
vart skipa i 1918, og bygde ungdomshus i 1920.

Ungdomshuset til Nesbygda Ungdomslag. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Nesbygda Ungdomslag
for grendene kring vestenden av Hornindalsvatnet vart skipa i 1919. Laget eigde dei første åra hus saman med skyttarlaget. Dette huset vart mykje utvida i 1938.
Rotvin Ungdomslag
vart skipa i 1920, og dekte grendene på sørsida av Eidselva. I 1934 kjøpte laget det gamle skulehuset på Nordfjordeid og bygde det opp att som ungdomshuset «Gimle».
Nordfjordeid Sanitetsforening
vart skipa i 1923, og fekk 75 medlemmer det første året.
Kjølsdalen Musikklag
vart skipa i 1926. Korpset har kring 35 vaksne medlemmer frå Kjølsdalen og frå andre Nordfjord-bygder som Stårheim, Haugen, Nordfjordeid, Måløy, Hornindal og Sandane.

Ørnulf Kobberstad som starta Eid Orkester.
Eids Orkester
vart skipa i 1927 av gymnaslærar Ørnulf Kobberstad. Frå før var det eit blandakor og ein strykekvartett på staden, og frå dette miljøet bygde Kobberstad saman med bakar Wilmann Alsaker opp eit strykeorkester med 12 musikarar. Då orkesterert runda 30 år, heldt det konsert med 31 musikarar. Ørnulf Kobberstad var dirigent fram til 1954, då bakar Alf Andersen overtok. (sjå bilete øvst).
Krinslosje ”Vårliv”
av IOGT vart skipa i 1928 som regionlag for losjane frå dåverande Eid og Davik kommunar.

Hjelmelandsdalen Misjonslag.
Hjelmelandsdalen misjonsforening
vart skipa i 1931.
Husmorlag finansierte vassverk
Nordfjordeid Husmorlag vart skipa i 1937 av Jenny Osnes. Laget starta kino i 1939 for m.a. å finansiere bygging av vassverk for tettstaden.
Nordfjordeid Husmorlag
- sjå Husmorlag finansierte vassverk.
Henden Bondekvinnelag
i Hennebygda vart skipa i 1950.
Nordfjordeid Konsertslag
vart skipa i 1955 og stod som arrangør av konsertar med klassisk musikk med kjende, norske kunstnarar. Konsertane vart haldne i ungdomshuset Valhall.
Freidig 4H
på Stårheim vart skipa i 1956 av Johan O. Orheim.
Heggjabygda Bondekvinnelag
vart skipa i 1957. Seinare har det endra namn til Heggjabygda bygdekvinnelag.
Nordfjordeid Skulekorps
vart skipa i 1961 med 36 medlemmer frå starten. Korpset vart bygd opp på restane etter Eids Gutemusikklag som var lagt ned i 1960.
Eid Røde Kors Hjelpekorps
vart skipa i 1962 med Magnus Haugland som den første korpsleiaren.

Stårheim Hornmusikk i 1955. Frå v. Ingolf Øien, Håkon Orheim, Per Orheim, Johan Myrold, Per Askeland, Olav Aasebø, Olav Starheim, Johan O. Orheim og Lennart Bratheim.
Stårheim skulemusikk
vart skipa i 1967 og fekk drilltropp i 1977. Stårheim skulemusikk avløyste Stårheim Hornmusikk som vart skipa midt på 1950-talet. Frå 1999 til 2006 har Stårheim Skulemusikk samarbeidd med Haugen skulemusikk i nabobygda om drift og øvingar under nemninga Stårheim og Haugen skulemusikk. I 2006 fekk Haugen eige korps, men det vart lagt ned igjen i 2013.
Stårheim Hornmusikk
- sjå Stårheim skulemusikk.
Haugen skulemusikk
– sjå Stårheim skulemusikk.
Kjølsdalen skulemusikk
vart skipa i 1972. I 2012 har laget 24 musikantar og tre aspirantar.
Eid Pensjonistlag
vart skipa i 1974.

Hjelle skulemusikk med dirigent Helge Rønnekleiv. Foto: Lars Lunde.
Hjelle skulemusikk
vart skipa i 1976.
Midtre Nordfjord Turlag
vart skipa i 1978 og har medlemer frå kommunane Eid og Gloppen. Laget hadde i 2005 348 medlemer.
Galleri Leikvin
starta på den gamle sorenskrivargarden Leikvin i 1976 - sjå: Skrivargarden Leikvin og: Kunstnarparet Rotevatn og Jørstad.
Leikvin Kultursenter
- sjå Galleri Leikvin.
Vindfylla Spelemannslag
vart skipa i 1984.
Cirkus Agora A/S
vart grunnlagt i 1989 av Jan-Ketil Smørdal frå Hjelmelandsdalen.

Kulturhuset Gamlebanken. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kulturhuset Gamlebanken
Gamlebanken galleri og kulturhus held til i den gamle bankbygningen til tidlegare Nordfjord Sparebank ved Eidsgata. Huset har sidan 1997 vore nytta til kunstutstilingar og mindre konsertar. Ved huset er det reist minnestøtte for biletkunstnaren Eilert Mehl.
Stårheim Bygdelag
vart skipa i 1997. Bygdelaget er eit fellesorgan for ulike lag i bygda, og har m.a. arbeidd for sentrumsplanar for Stårheimsvik og andre arealplanar for bygda.

Opera Nordfjord. Foto: NRK.
Opera Nordfjord
vart starta i 1998 etter initiativ frå kunstnarparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. I 2009 tok operaen i bruk eit stort og moderne operabygg.
Nordfjord Internasjonale Operaverkstad
- sjå Opera Nordfjord.
Fabel
Visepopgruppa Fabel er den musikkgruppa frå Sogn og Fjordane som har markert seg sterkast nasjonalt ved sida av årdalsgruppa Lava.
Malakoff Rockfestival
på Nordfjordeid vart starta i 2002 som ei elevverksemd i regi av Eid vidaregåande skule.

Frå Malakoff Rockfestival. Foto: Eline Buvarp Aardal, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014
Sist oppdatert: 27.02.2014