Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Eid

Interiøret i landhandelen som Mathilde Orheim starta på Stårheim i 1937. Heile landhandelenb er flytta til Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Interiøret i landhandelen som Mathilde Orheim starta på Stårheim i 1937. Heile landhandelenb er flytta til Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter startår:

Den eldste handelsverksemda på Nordfjordeid

Frå 1660 då byprivilegia vart innført og fram til midten av 1800-talet då privilegia vart avskaffa, var det borgarane på storgardane Myklebust og Gjerde som kontrollerte det meste av varehandelen på Nordfjordeid og i Eidsbygda.

Gamal handel og gjestgiveri på Stårheim

Garden i Stårheimsvik har frå tidleg 1600-tal høyrt til kjende embets- og handelsslekter.

Kremmar og kyrkjeeigar på Skipenes

I tillegg til Myklebust og Gjerde, var det også handelpå Skipenes.

Tidleg handel på Naustdal

Just L. By starta den første landhandelen på Naustdal tidleg på 1800-talet. I 1858 er Nils Anderson handelsmann på Naustdal, og var også dampskipsekspeditør.

H.D. Aasebø

landhandel på Nordfjordeid vart grunnlagd i 1860 av Didrik Aasebø.

Eids Handelslag

vart grunnlagt i 1874. Det heitte dei første åra Eids Handelsforening.

Rasmus D. Halvorsen

dreiv stort som handelsmann, dampsskipsekspeditør, postopnar og telefonstasjon i Stårheimsvik og i Vågsvåg frå 1880-talet.

A. M. Aaland

bygde i 1883 eit stort, toetasjes trehus ved Eidsgata og starta handel der.

Ivar K. Moen

starta i 1890 landhandel på Nordfjordeid.

Kjøllesdal Handelsforening

dreiv frå 1890-talet landhandel, bakeri og telefonstasjon i Kjølsdalen.

Kjølsdalen Handel

- sjå Kjøllesdal Handelsforening.

Johan H. Kjøllesdal

starta kring 1890 landhandel og bakeri i Kjølsdalen. Han bygde tøystampe, kvern og sag ved elva, og dreiv også sjøbu i Måløy.

Tidlegare M. Sture Landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare M. Sture Landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

M. Sture Landhandel

på Naustdal vart grunnlagt i 1895 av Arne Manseth. M. Sture dreiv seinare landhandel og dampskipskai på Naustdal, og landhandel på Haugen, som einaste forretning i denne skulekrinsen.

Johan Antonsen

bygde kring 1880 fargeri og tøystampe ved Stårheimselva, og var ei kort tid dampskipsekspeditør. Kring 1900 starta Antonsen også landhandel og dreiv fram til slutten av 1920-talet.

P. O. Oos A/S

på Nordfjordeid vart grunnlagt i 1904 av Paul Olson Oos. Har vore drive i same familien sidan.

Stårheim Handelslag

vart grunnlagt i 1906 og heitte først Starheims Landboeforening.

Eid Forbruksforening

– opphaveleg Eids Forbrukslag - vart grunnlagt i 1909.

O.K. Osnes

Knut K. Osnes d.e. starta med landhandel og kjøtvarebutikk ved Eidsgata i 1910 og bygde ny forretningsgard med eige slakteri i 1914.

I det næraste huset dreiv Lisbeth Hunskår landhandel. Birger Sørland bygdhuset til høgre i 1950 og dreiv forretning der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det næraste huset dreiv Lisbeth Hunskår landhandel. Birger Sørland bygdhuset til høgre i 1950 og dreiv forretning der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lisbeth Hunskår

(f. Engeset) starta bakeri og landhandel på Stårheim i 1921. I 1938 overtok Birger Sørland butikken og bygde ny forretning i 1950. Ektemaken Bergljot Sørland tok over drifta då Birger Sørland drukna i 1950, og dreiv landhandelen til midt på 1970-talet. Ei tid dreiv ho også kafé i 2. etasje i bygget.

Rasmus J. Sundal

starta i 1922 landhandel i Kjølsdalen - Johan H. Kjøllesdal.

Johan R. Dalseth

starta landhandel i Almenningshola på Nordfjordeid i på slutten av 1920-talet. Forretningslokala er seinare tekne over av blekkslagarfirmaet Ernst C. Husevåg AS.

Haus Landhandel A/S

vart grunnlagt i 1927 av Olav Haus, som dreiv dampskipskai, landhandel, pensjonat, post og drosje.

Johannes Skaugseth

starta i 1934 landhandel i Mogrenda. Det første året dreiv han saman med Roald Rynning. På 1980-talet tok Lars-Svein Drabløs over og bygde nytt forretningsbygg. Butikken vart nedlagt på 1990-talet.

Den tidlegare landhandelen til Mathilde Orheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare landhandelen til Mathilde Orheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mathilde Orheim

starta daglegvarebutikk i eige forretningsbygg på Stårheim i 1937. Ho og ektemaken Karl Starheim dreiv butikken til 1984. Landhandelen med inventar og varer vart i 2006 flytta til Nordfjord Folkemuseum på Sandane og sett opp att der som fast utstilling.

Knut A. Hjelle

starta landhandel i vegkrysset til Stigedalsvegen på Hjelle i 1938.

Reinert Humborstad

starta landhandel i Kjølsdalen i 1939. Saman med ektemaken Ester dreiv han forretninga fram til kring 1960.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011