Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Kristenson Ous

Lars Kristenson Ous (Os)(1777–1847) frå Nordfjordeid. Bonde, lærar, klokkar og politikar.

I tillegg til gardsdrifta og andre verv dreiv han som jekteskipper og kjøkemeister. Han let m.a. etter seg ei samling talar og viser som han hadde nytta til selskapsbruk.

Var ikkje «udtient»

I 1806 kom Lars opp i ein strid og lærarposten sin: Jon Pålson Myklebust fekk lyst til å vere lærar i staden for Lars, og fekk Eida-presten Jens Abildgaard til å skrive til prosten at Lars hadde «udtient». Men Lars Ous kunne vise brev på at han var tilsett utan tidsavgrensing. Saka vart anka til bispen som måtte bøye seg for det som stod i tilsetjingsbrevet. Ous vart den første læraren i fastskulen på Nordfjordeid då den vart innført i 1827, og var lærar fram til 1832.

Bomtur til Stortinget

Ous var medlem av det første kommunestyret i Eid i 1837. Lars Kristensson Ous må truleg vere den einaste som måtte reise heim att frå Stortinget utan få gjort borgargjerninga si: Ved stortingsvalet i 1815 vart amtmann Christian Magnus Falsen vald inn på Stortinget for Nordre Bergenhus, d.v.s. Sogn og Fjordane fylke. Men i mellomtida hadde han flytta til Bergen, og i 1818 forkasta difor Stortinget med 37 mot 32 røyster dette valet av Falsen.

Futen Kiærboe, som mellombels fungerte som amtmann, var lite inne i valreglane. Han fekk likevel til gåve å straks finne ein erstattar for Falsen på tinget. Kiærboe skreiv då til Lars K. Ous og bad han straks møte på Stortinget som «første reserverepresentant». Lars gjorde som han vart beden om og reiste til Oslo der han var framme den 9. mars 1818. Men der vart han avvist i døra. Det viste seg nemleg at futen hadde sett feil på listene: Lars var slett ikkje 1. vararepresentant. Den plassen hadde proprietær Ole Torjusson Svanøe, men sidan låg sjuk og ikkje kunne møte slik på rappen, vart det Absalon Olsson Wereide ( sjå denne under Kjende personar i Gloppen fødde år 1700-1850) som stilte på tinget denne våren i 1818.

Ved stortingsvalet i 1821 vart Ous vald til 2. vararepresentant frå Sogn og Fjordane.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.03.2008