Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Lefdal

Lars Lefdal, fødd 1939 i Lefdal, busett i Leikanger. Vegsjef og Høgrepolitikar.

Lars Lefdal, fødd 1939 i Lefdal, busett i Leikanger. Vegsjef og Høgrepolitikar.

Sivilingeniør byggjelina NTH 1962. Vedlikehaldssjef i Statens Vegvesen 1966-1977, Leikanger. Medlem av Leikanger kommunestyre 1976-1979 og ordførar 1976-1977.

Stortingsmann

Stortingsrepresentant 1977-1989, der han var nestleiar i samferdslekomitéen 1981-1989. Vegsjef i Sogn og Fjordane 1989–2003.

Mellom ei rad tillitsverv har Lefdal m.a. vore nestleiar i fylkesstyret for Norske Kommuners Sentralforbund, styreleiar i Sogn Billag, medlem Sogn Samferdslenemnd, utvalsmedlem i norske avdeling av Nordisk Vegteknisk Forbund, fylkesstyremedlem i Høgre og medlem av Høgre sitt sentralstyre og partiet sitt landskommunalutval.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011