Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Myrold

Lars Myrold (1915-2002) Frå Stårheim. Bonde, Senterparti-politikar og lokalhistorikar.

Lars Myrold (1915-2002) Frå Stårheim. Bonde, Senterparti-politikar og lokalhistorikar.

Medlem av Eid kommunestyre frå 1952-1983, varaordførar i Eid 1963–1972, ordførar i Eid 1972-1983, medlem av fylkestinget 1972–1975, og i fleire år formann i KS Sogn og Fjordane. Han gjorde opptak til skiping av Hærmuséet på Nordfjordeid i 1981.

Myrold har gjeve ut fleire bøker med lokal humor og lokalhistorie: «Liten Kuling» (Fjordabladet forlag), «Sett frå kjøkenglaset – originale historier frå Stårheim» (Eige forlag), «Sylar i hatten» (Fjordabladet forlag), «Syn for gudar » og andre historier frå liv og virke i Sogn og Fjordane (Kommuneforlaget), «To ord, herr ordførar» saman med Herbjørn Sørebø (Kommuneforlaget), «Inn i dei djupaste skogar», jakthistorier (Fjordabladet forlag). «Stårheimsdronninga Dronning Ingrid av Norge» (Eige forlag 1998).

Tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011