Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Pederson Navelsaker

Navelsaker Hotell som Lars P. Navelsaker bygde, står framleis i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Navelsaker Hotell som Lars P. Navelsaker bygde, står framleis i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars Pederson Navelsaker (1850–1904) frå Navelsaker. Hotelleigar og handelsmann. Bygde i 1876 Navelsaker Hotell (seinare heitande Hotell Grodås) og starta landhandel på Grodåssanden i Hornindal.

Han dreiv også rutedrift med dampbåten «Duen» på Hornindalsvatnet. Både hotellet og landhandelen vart lagt ned kring 1900, og butikklokala vart overtekne av Hornindal handelslag då det vart skipa i 1908.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011