Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Fjørtoft

Leif Fjørtoft (1913-1995) frå Nordfjordeid. Jurist og rådmann.

Leif Fjørtoft (1913-1995) frå Nordfjordeid. Jurist og rådmann.

Cand. jur. frå UiO 1936. Handelsskule 1937. Arbeidde som advokatfullmektig på Nordfjordeid 1937-1940, Eid kommunekasse 1940-1941, dommarfullmektig i Nordfjord 1941-1943, distriktsrevisor i Ytre Nordfjord 1943-1946, likningssjef, kommunekassarar og formannskapssekretær i Eid 1946-1957, kontorsjef og likningssjef 1957-1964, og frå 1964-1982 kontorsjef og 1982-1983 rådmann i Eid kommune.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv og heidersteiknet frå NKS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011