Hopp til innhold
X
Innhald

Leikvin Kultursenter

Siv Jørstad og Inge Rotevatn.

Siv Jørstad og Inge Rotevatn.

I 1976 opna Siv Jørstad og Inge Rotevatn «Leikvin Kultursenter», som i kring 20 år var eit av dei viktigaste sentra i fylket for kunstutstillingar, konsertar og andre kulturarrangement.

Leikvin fekk ikkje minst stor betydning for lokale biletkunstnarar som fann ein møteplass og ein stad å stille ut arbeida sine. I tillegg til nye kunstverk, arrangerte Leikvin også fleire retrospektive utstillingar med arbeid av avdøde Nordfjord-kunstnarar.

I løebygningen på Leikvin har Rotevatn opna museum med ei stor samling jordbruksreidskapar.

Les meir om: Embetsgarden og kultursenteret Leikvin.

Leikvin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikvin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2011