Hopp til innhold
X
Innhald

Lokal rutetrafikk i Eid

Private post- og mjølkeruter

Private post- og mjølkeruter

Før vegen Nordfjordeid-Måløy var gjennombroten gjekk mindre skyssbåtar frå Måløy i post- og passasjerrute mellom Måløy og Nordfjordeid, med mellomstopp. Desse rutene vart utførde av båtane til Måløy-firma Skibenes & Søn og Karl Lofnes (sjå Vågsøy kommune). Forutan fylkesbaatruter vart grendene på sørsida av Nordfjord frå Davik til Nordfjordeid på 1950-talet knytte til Nordfjordeid med ei båtrute som frakta mjølk til meieriet. Ruta vart utført av Martin Førde frå Davik. Mellom Stårheim og Sørland og Torheim på sørsida av fjorden gjekk Sivert Torheim i post- og varerute eit par gonger i veka.

D/S Dølen

På Hornindalsvatnet vart D/S «Dølen» sett inn i trafikk 1880. D/S «Duen» gjekk ei tid i konkurrerande rute med «Dølen» på strekninga Nor i Eid til Grodåssanden i Hornindal.

Frå 1930 starta Ingebrigt Naustdal (sjå Naustdal Auto A/S) godstransport med lastebil til bygdene Haugen, Hjelmelandsdalen og Stårheim. Dreiv også godsbilrute Kjølsdalen-Stigedalen-Straumshamn på Sunnmøre. Jakob Nord dreiv tilsvarande godsruter frå Nordfjordeid til bygdene kring Hornindalsvatnet.

Naustdalsrutene

Frå 1930 starta Ingebrigt Naustdal (sjå næring: Naustdal Auto) godstransport med lastebil til bygdene Haugen, Hjelmelandsdalen og Stårheim. Han dreiv også godsbilrute Kjølsdalen-Stigedalen-Straumshamn på Sunnmøre. Rutene gjekk på folkemunne for ”Naustdalsrutene”.

Ein av lastebilane til Naustdal i Hjelmelandsdalen ein vinterdag.

Ein av lastebilane til Naustdal i Hjelmelandsdalen ein vinterdag.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011