Hopp til innhold
X
Innhald

Lotetunnelen

Utsyn mot Lote frå utgangen av Lotetunnnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utsyn mot Lote frå utgangen av Lotetunnnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lotetunnelen på 2857 meter vart opna for vanleg trafikk i 1966. På den tida var Lotetunnelen ein av dei lengste vegtunnelane i landet, og var for si tid ein samferdslerevolusjon i Nordfjord: Tunnelen gjorde at ytre Nordfjord og Sunnmøre fekk korta mykje ned køyretida mot Førde og Bergen.

Sprenginga starta i 1958 med gjennomslag i 1965. Bygdefolket på Lote fekk lov til å nytte tunnelen for lokal trafikk også før den var fullt utrusta og ferdigstilt. Fyllmasse frå anlegget vart nytta til utfylling og bygging av Sjøgata på Nordfjordeid.

Strid om ferjestad

I Gloppen var det lenge strid om ferjeleiet skulle byggjast på Kviteneset ved Hestenesøyra eller på Anda. Stortinget vedtok i 1966 å byggje ferjeleiet på Anda, men gjekk samstundes inn for å ta opp veganlegget Sande-Hestenesøyra-Hyen som riksveganlegg. Før tunnelplanen kom opp, vart det ei tid drøfta om eit nytt ferjesamband skulle setjast inn mellom Hestenesøyra og Hunvik på nordsida, med veg over Hunvikskaret til Nordfjordeid, og med veg Hestenesøyra-Sandane på sørsida.

Anda-Lote opna i 1968

Ferjesambandet Lote-Anda vart opna i 1968. Den mektige direktøren i Fylkesbaatane, Otto Røsberg, hevda lenge at ferjesambandet Lote-Anda ikkje var liv laga. Han kunne ikkje sjå at det var trafikkgrunnlag for ei ferje over Nordfjorden!

På 1980-talet vart det sett i gang ein lokal aksjon for å få erstatta ferjesambandet med ein tunnel under Nordfjorden. Denne planan vart teken fram att på nytt i 2006.

Ferjesambandet mellom Lote til venstre og Anda kan med tida bli avløyst av bru eller undersjøisk tunnel. Dette er eitt av brualternativa, flytebru. Fotomontajse: Aas-Jakobsen.

Ferjesambandet mellom Lote til venstre og Anda kan med tida bli avløyst av bru eller undersjøisk tunnel. Dette er eitt av brualternativa, flytebru. Fotomontajse: Aas-Jakobsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011