Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Rindal

Foto: Halvard Dyb, NOVA © 2001.

Foto: Halvard Dyb, NOVA © 2001.

Magnus Rindal fødd 1942 på Leivdal i Eid. Professor og direktør i Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Vert rekna som ein av dei fremste forskarar og formidlarar av norrønt språk og nordisk mellomalderkultur. Fekk i 1998 Universitetet i Oslo sin pris for god forskingsformidling.

Etter å ha arbeidd i 20 år ved Universitetet i Bergen vart han i 1989 professor ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. I 2000 tilsett som direktør i NOVA. Rindal har vore dekanus og medlem av kollegiet ved UiB, medlem av kollegiet ved UiO og områdestyreleiar i Norges Forskningråd. Han er leiar i Norgesnettrådet.

Rindal har publisert ein mengd artiklar og bøker, m.a. «Fra hedendom til kristendom» (1996), «Selja - heilag stad i 100 år» (1997, og «Heilage stader i Norge» (2001) saman med Gro Steinsland.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011