Hopp til innhold
X
Innhald

Malene Berge

Malene Berge (1895–1983) frå Stårheim, busett i Bergen. Frelsesarmé-offiser og misjonær.

Malene Berge (1895–1983) frå Stårheim, busett i Bergen. Frelsesarmé-offiser og misjonær.

Saman med systera Petra Honnef og hennar ektemake Enno Honnef arbeidde ho som misjonær i på Java i Indonesia, utsend av Frelsesarméen.

Den 28.07. 1944 vart dei arresterte av japanske soldatar og grovt mishandla. Også dei to borna til ekteparet Honnef vart sette i fangenskap. Petra Honnef døydde i fangenskap.

Malene Berge vart seinare ein framståande offiser og major i den norske Frelsesarméen, og hadde i hovudsak virket sitt i Bergen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011