Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Andersen

Bakeridrifta til M. Andersen vart lagd ned på 1970-talet. No er det m.a. frisørsalong i huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bakeridrifta til M. Andersen vart lagd ned på 1970-talet. No er det m.a. frisørsalong i huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Martin Andersen - på folkemunne kalla Hundvikebakaren - starta som bakar på Nordfjordeid i 1901.

Han leigde dei første åra eit bakeri etter Anne I. Naustdal – kalla Bakar-Anne. Det var truleg første ektemannen til Anne, ein bakar Monsen frå Bergen, som først starta bakeri på Nordfjordeid ein gong på 1850-talet. Bakar-Anne dreiv også landhandel i bygget fram til 1894, då handelen vart leigd bort til Paul Skibenes og Rasmus Os. På 1930-talet bygde Halvdan Faleide ny forretningsgard på bakeritomta ved Eidsgata.

I 1909 bygde bakar Martin Andersen ein stor forretningsgard lengre sør i Eidsgata. Sønene Alf og Mikal Andersen tok over som eigarar i 1950, og bakeriet var i drift til 1970-talet, og lokala har sidan m.a. husa klesforretning og frisørsalong. Dei to brørne Andersen var dyktige amatørmusikarar og kjende som drivande krefter i Eid Orkesterfortening.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.03.2011