Hopp til innhold
X
Innhald

Martinus O. Haugen

Martinus O. Haugen (1867–1952) på Haugen i Eid, busett i Stongfjorden. Ingeniør.

Martinus O. Haugen (1867–1952) på Haugen i Eid, busett i Stongfjorden. Ingeniør.

Skal vere den første spesialutdanna aluminiumsingeniøren i Norden. Tilsett av BACO (British Aluminium Company ) i 1906 for å leie bygginga av det første nordiske aluminiumsverket i Stongfjorden. Frå 1909 til 1932 var han driftsingeniør ved fabrikken. Kring 1920 bygde Haugen også sildesalteriet A/S Haugen & Co. i Stongfjorden.

Før Haugen kom til Stongfjorden teikna han og leia arbeidet med bygging av fleire fyrtårn, og kaier i Mo i Rana, Troms og Bergen. I 1908 fekk han bygd bedehus i Stongfjorden, og han var styremedlem i Sunnfjord Ungdomsskule. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.10.2011