Hopp til innhold
X
Innhald

Mathias Orheim

Mathias Orheim (1884-1958), Stårheim. Salmediktar og forkynnar. Vart blind i ungdomsåra, men tok likevel tidleg til å reise som forkynnar over heile landet. På møta spela Orheim fele- og glasmusikk.

Desse instrumenta og andre minne etter Orheim er teke vare på i gardsmusèet på heimegarden på Stårheim. Orheim sine salmar er m.a. gjeve ut i samlinga «Ungdomskvad», og han er representert i Nynorsk Salmebok (1985) med 6 salmar. Han har komponert ialt 178 melodiar.

Frå 1903 til 1954 er det gjeve ut 14 bøker med prosa og lyrikk av Mathias Orheim. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1953.

Minnestøtte laga av Anne Grimdalen er reist på grava til Mathias og kona Maria Orheim på Stårheim kyrkjegard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 13.03.2008