Hopp til innhold
X
Innhald

Matias Orheim

Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim. Salmediktar og forkynnar. Vart blind i ungdomsåra, men tok likevel tidleg til å reise som forkynnar over heile landet. På møta spela Orheim fele- og glasmusikk.

Desse instrumenta og andre minne etter Orheim er tekne vare på i gardsmusèet på heimegarden på Stårheim. Orheim sine salmar er m.a. gjeve ut i samlinga ”Ungdomskvad”, og han er representert i Nynorsk Salmebok (1985) med seks salmar. Han har komponert i alt 178 melodiar.

Frå 1903 til 1954 er det gjeve ut 14 bøker med prosa og lyrikk av Matias Orheim.

Matias Orheim framfor barndomsheimen.

Matias Orheim framfor barndomsheimen.

Matias Orheim stod sentralt i arbeidet med å få bygd den kristelege skulen Nordfjord Ungdomsskule – seinare kalla Nordfjord Folkehøgskule – på Vereide i Gloppen i 1923 (sjå Gloppen kommune) .

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1953. Minnestøtte laga av Anne Grimdalen er reist på grava til Matias og kona Maria Orheim på Stårheim kyrkjegard. Ekteparet Orheim døydde berre med få timars mellomrom.

På forkynningstur i 1947 saman med Sigurd Bødal.

På forkynningstur i 1947 saman med Sigurd Bødal.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011