Hopp til innhold
X
Innhald

Mats Inge Smørdal Ericsson

Mats Inge Smørdal Ericsson, fødd 1975. Frå Mogrenda, busett i Kellered, Sverige. Seljar og bogeskyttar.

Mats Inge Smørdal Ericsson, fødd 1975. Frå Mogrenda, busett i Kellered, Sverige. Seljar og bogeskyttar.

Har sidan 1990 m.a. teke fleire Noregsmeister-titlar i bogeskyting både i junior- og senior-klassane, og vart nordisk meister i 1999 og 2000, samt åttandeplass i EM i feltskyting 1997 i Slovenia, og niandeplass i feltskyting i VM i 1998 i Austerrike. Tok NM-tittelen i baneskyting 2006 for Loen bogeskytarklubb, saman med faren Magnar Smørdal og Odd Martin Mørk.

Han vart noregsmeister i både jakt- og feltskyting i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2010