Hopp til innhold
X
Innhald

Måtte gjere vendereis frå Stortinget

Lærar og klokkar Lars Kristenson Ous (Os) frå Nordfjordeid må truleg vere den einaste som måtte reise heim att frå Stortinget utan få gjort borgargjerninga si:

Ved stortingsvalet i 1815 vart amtmann Christian Magnus Falsen vald inn på Stortinget for Nordre Bergenhus, d.v.s. Sogn og Fjordane fylke. Men i mellomtida hadde han flytta til Bergen, og i 1818 forkasta difor Stortinget med 37 mot 32 røyster dette valet av Falsen. Futen Kiærboe, som mellombels fungerte som amtmann, var lite inne i valreglane. Han fekk likevel til gåve å straks finne ein erstattar for Falsen på tinget.

Kiærboe skreiv då til Lars K. Ous og bad han straks møte på Stortinget som «første reserverepresentant». Lars gjorde som han vart bedd om og reiste til Oslo der han var framme den 9. mars 1818. Men der vart han avvist i døra.

Det viste seg nemleg at futen hadde sett feil på listene: Lars var slett ikkje 1. vararepresentant. Den plassen hadde proprietær Ole Torjusson Svanøe, men sidan han låg sjuk og ikkje kunne møte slik på rappen, vart det Absalon Olsson Wereide (sjå denne under Kjende personar i Gloppen fødde år 1700-1850) som stilte på tinget denne våren i 1818.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011