Hopp til innhold
X
Innhald

Michael Pavelich

Michael Pavelich saman med ektemaken, Kari Standal Pavelich. Foto: Ingvild Ryssdal, NRK.

Michael Pavelich saman med ektemaken, Kari Standal Pavelich. Foto: Ingvild Ryssdal, NRK.

Michael Pavelich fødd 1954 i Michigan, USA, busett på Nordfjordeid. Songar og kunstnarleg ansvarleg ved Opera Nordfjord.

Han grunnla i 1998 Opera Nordfjord saman med ektemaken Kari Standal Pavelich, og har sidan vore kunstnarleg ansvarleg for operaen. Arbeider elles som songpedagog, kordirigent og musikklærar ved Firda vidaregåande skule.

Tildelt Fylkeskulturprisen i 2005 saman med ektemaken Kari Standal Pavelich for arbeidet med Opera Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2011