Hopp til innhold
X
Innhald

Minnemonument i Eid

Minnestøtte over falne i 1. verdskrig. (Foto: NRK 1971)

Minnestøtte over falne i 1. verdskrig. (Foto: NRK 1971)

Minnemonument over falne 1940-45 og krigsdeltakarar i krigane 1807-1814 er reiste ved den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid.

På Eid finst elles monument over matematikaren Sophus Lie, skodespelaren Alfred Maurstad, overlege Hans Chr. Wennevold og kunstmålar Eilert Mehl. Ved Utstillingsplassen for hest i Øyane står «Fjordhesten» av Skule Waksvik.

På Stårheim er monument over Stårheimsætta, og salmediktaren Mathias Orheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2009