Moengården
Ivar K. Moen starta i 1890 landhandel på Nordfjordeid. Etter nokre år i leigde lokale, bygde han i 1908 ein staseleg forretningsgard i nordre Eidsgata. På 1950-talet overtok sonen Knut og kona Margit Moen drifta, og i 1975 tok deira son Ivar Moen over.
I 1987 bygde Ivar Moengården, som med 3.000 kvadratmeter husar elleve forretningar og fire kontorverksemder. Sjølv driv Moen gardin- og utstyrsforretning. Fasaden på bygget frå 1908 er teken vare på mot Eidsgata.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014
Sist oppdatert: 18.06.2008