Hopp til innhold
X
Innhald

Myklebust - den eldste storgarden

Nordfjordeid i 1896, med Myklebust til vestnre for kyrkja. Heilt til høgre ser vi husa på Gjerde. Foto utlånt av Historisk galleri, Lars Lunde.

Nordfjordeid i 1896, med Myklebust til vestnre for kyrkja. Heilt til høgre ser vi husa på Gjerde. Foto utlånt av Historisk galleri, Lars Lunde.

Garden Myklebust er den delen av Nordfjordeid sentrum som ligg på nordsida av dalbotnen - frå kyrkja og austover.

I dei eldste tider var Myklebust ein av dei største gardane i fylket, og omfatta truleg det meste av den flate dalbotnen frå Eidsfjorden og 2-3 kilometer austover - dvs. også dei seinare gardane Gjerde og Langeland.

Vikingfunna på Myklebust

Store gravhaugar frå bronsealderen og jernalderen, der det i 1847 vart gjort nokre av dei rikaste gravfunn i Noreg, viser at Myklebust var sete for rike og mektige ætter. I mellomalderen høyrde Myklebust til Nordfjordgodset som ei tid også var eigd av baron Audun Hugleikson frå Jølster.

Eigd av lensherrar og prestar

Eigd av lensherrar og prestar

Då baronen fall i unåde, og vart avretta i 1302, vart alt han eigde kverrsett av kongen. Kongen gav Nordfjordgodset til lensherren i Bjørgvin, Otte Svaleson Rømer i 1361. Sonen, riksråd Svale Otteson Rømer, arva garden på Nordfjordeid. Men Rømer-ætta døydde ut, og garden kom på andre hender. Såleis er det nemnt at kannik (d.e. domkyrkjeprest) Sigurd Pederson i Nidaros eigde Myklebust i 1548. I 1626 var det folk frå adelsætta Bille som eigde Myklebust.

Oppdeling av garden

Frå 1660 til midt på 1800-talet var det presten Jens Bugge og hans ætt som eigde den store garden. Myklebust vart etter kvart delt opp i fleire bruk, slik at det ved det store jordskiftet i 1863 budde i alt åtte gardbrukarar i sjølve Myklebust-tunet.

Friis-folk frå Myklebust til Rugsund

Eit par steinkast unna hovudtunet hadde Bugge-folket ei tid budd sjølve i gardstunet som seinare er kjent som Jo-tunet. Frå 1702 til 1727 budde presten Thomas Friis i Jotunet og dreiv både handel og gjestgiveri der. Denne verksemda overtok han visst nok etter ein H. P. Lemmechen.

Friis var gift inn i Bugge-familien og kjøpte Jo-bruket i 1721. Men året etter selde han det store herskapshuset i Jotunet som prestegard. Men Friis kom truleg i pengevanskar etter ei tid, for i 1727 bygsla han bort Jo-bruket, og den handelen som høyrde med, til soldaten Aleksander Larsson Straume frå Volda. Sjølv flytta Thomas Friis til Rugsund og overtok det gamle kremmarleiet og gjestgiveriet der: Handelsstaden Rugsund. Han eigde også handelsstaden i Utvik - sjå: Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.

Adeleg eigar av Myklebust

På 1730-talet går både Jo-tunet og dei andre gardane på Mykelbust over til kjende embetssslekter som vi kjenner m.a. som nokre av dei største jordeigarane i Sogn og Sunnfjord: I 1730 kjøper presten Iver Iversen Leganger frå Leikanger i Sogn ein stor del av Myklebust frå svigerinna si Bentse Marie Bugge.

Etter ei tid med bortbygsling, selde også Thomas Friis i 1738 Jo-bruket til ein etterkomar etter den styrtrike presten Peder Jørgenson Finde i Førde, Peder R. Finde. Men dette bruket skifte eigar året etter til Lars Augustinson, som i 1745 selde Jo-bruket til Johan Ludvig von Warnestedt. Warnestedt var sjef for det Nordre Nordfjordske Compagnie frå 1743. Han kom frå ei tysk adelsætt i Mecklenburg.

Jotunet på Myklebust. Til høgre Tingvoll, som husa folkehøgskulen og kommuneadministrasjonen. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Jotunet på Myklebust. Til høgre Tingvoll, som husa folkehøgskulen og kommuneadministrasjonen. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Fut i Jotunet

Men i 1751 var garden så forgjelda at Jotunet vart seld til mannen som hadde vorte eigar av storgarden Gjerde i 1737; Søren Michaelson Mørch. Men etter at han hadde tapt ei odelssak om Gjerde busette Mørch seg i Jotunet og dreiv både handel og gjestgiveri der.

Søren Michaelson Mørch eigde mange gardar i Eid, Stårheim og Hornindal og var fleire gonger fullmektig for futen, som på den tida budde på Fure i Fjaler kommune - sjå: Futesetet på Fure. Då den styrtrike futen Hans Nielsen Rue gjorde underslag og vart avsett i 1731, fungerte Mørch ei tid som fut for Sunnfjord og Nordfjord. Han var også ei tid fut i Sogn.

Søren Michaelson Mørch var gift med ei enkje etter H. J. Rue, og då Mørch døydde i 1755, overtok kona sin son Gjert Rue handelen og gjestgiveriet i Jo-tunet på Myklebust.

Sjølve garden fekk han skøyte på i 1773. Gjert Rue døydde i 1794.

Sjølve garden fekk han skøyte på i 1773. Gjert Rue døydde i 1794.

Krigskommissæren i Jotunet

I 1891 var det den militærutdanna John Myklebust som vart eigar av Jo-tunet. Han er brukar til 1940, men det er som politikar og ein umåteleg aktiv samfunnsbyggjar at han først og fremst har sett merke etter seg på Nordfjordeid.

Ein del av Myklebust-gardane som kallast Svehogjen vart også skilde ut og brukte i ein merkeleg politisk kamp på 1880-talet som vart kalla «myrmannstida» - sjå: Myrmannsvesenet.

I nyare tid er dei store jordbruksviddene på Myklebust nytta til utviding av sentrum med m.a. nybygg for barneskule, ungdomsskule, idrettshall og idrettsbane, folkehøgskule, sjuke-og aldersheimar og bustadfelt. Utmarka i Myklebuståsen er nytta til eitt av dei største bustadfelta i Eid kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2011