Hopp til innhold
X
Innhald

Naustdal Auto A/S

Eitt av vogntoga til Naustdal Auto A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitt av vogntoga til Naustdal Auto A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Auto A/S vart grunnlagt i 1930 av Ingebrigt Naustdal, som m.a. dreiv godsruter frå Kjølsdalen til til Straumshamn i Volda og til Hjelmelandsdalen.

Sønene Arve og Inge Naustdal kom med som sjåførar i verksemda kring 1959. Verksemda bygde kontor og servicebygg i Øyane i 1975. Arve Naustdal overtok Naustdal Auto i 1987 og gjorde selskapet om til aksjeselskap.

I 2007 var Naustdal Auto eitt av dei største transportselskapa i fylket med 26 tilsette og kring 20 vogntog og semitrailerar, og fire mindre bilar.

I 2008 kjøpte Kårstad Transport AS i Bygstad i Gaular Naustdal Auto AS. Naustdal Auto gjekk konkurs i 2009, men drifta heldt fram med det nyskipa Naustdal Transport AS.

Terminalen til Naustdal Auto A/S på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Terminalen til Naustdal Auto A/S på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.03.2010