Hopp til innhold
X
Innhald

Niels Nikolai Nielsen

Niels (Nicolay) Nielsen. Foto: © Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter.

Niels (Nicolay) Nielsen. Foto: © Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter.

Niels Nikolai Nielsen (1777–1854). Fødd på Fyn i Danmark, busett m.a. på Nordfjordeid. Prest og Eidsvollsmann.

Tok presteeksamen i København 1804. Var først huslærar på Sjælland før han vart prest i Vardø 1807-1821. Prest i Holmedal i Sunnfjord 1810-1821, i Eid 1821-1835, prost i Nordfjord frå 1830.

Frå 1835 til han døydde var han prest i Borgund ved Ålesund. Utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814. Var då prest i Holmedal i Sunnfjord. Vart seinare stortingsmann (1830) medan han var prest i Eid. Nielsen gjorde ein stor innsats for å byggje opp folkeskulen i Eid m.a. ved å lære opp dugande lærarar, og arbeidde også for skulesaka då han sat på Stortinget.

EIDSVOLLSMENN TILKNYTT NORDRE BERGENHUS AMT:

:Niels Nikolai Nielsen  :Peder Pederson Hjermann :Ole Elias Holck :Lars Johannes Irgens :Nils Johannesson Loftesnes :Jens Stub

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 13.03.2008