Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Nilson Dahl

Nils Nilson Dahl

Nils Nilson Dahl

Nils Nilson Dahl (1806-1854) frå Tresfjord i Romsdal, busett på Nordfjordeid. Prest og politikar.

Arbeidde som skulehaldar og vart som særskilt gåverik hjelpt fram til presteeksamen av bisp Jakob Neumann i 1830.

Som ven av diktaren Henrik Wergeland gjorde dei to ei utanlandsferd i 1831. Styrde ulike presteekall i Bjørvin fram til han 1838-1851 vart res. kap. i Melhus, og frå 1852 til han døydde i 1854 som sokneprest i Eid. Han var medlem av Vitenskabsselskabet i Trondheim og stortingsmann for Sør-Trøndelag 1845-1851. Odelstingspresident 1848-1851.

Dahl var helseveik, og døydde av tuberkulose etter to år i Eid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.03.2008