Hopp til innhold
X
Innhald

Nor Meieri S/L

Meieribygningane på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Meieribygningane på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nor Meieri S/L vart skipa i 1897 på Nor ved Hornindalsvatnet, og etablerte seg 1926 i nybygg på tettstaden Nordfjordeid.

Nybygg i 1951 gav kapasitet til å ta imot mjølk frå store delar av midtre Nordfjord. Meieriet vart på 1980-talet innlemma i Sogn og Fjordane Meieri, og fekk etter kvart tildelt nisjeproduksjon av ost. I 2003 vart Sogn og Fjordane Meieri innlemma i Tine Meieriet vest AB, og meieriet på Nordfjordeid vart kort tid etter lagt ned.

På Stårheim vart det drive meieri frå 1898 til 1930. På Haugen vart Haugen Meieri drive frå 1899 til 1952. Kjølsdalen Meieri var i drift frå 1895 til 1903, og Lefdal Ysteri frå 1924 til 1945.

På Nordfjordeid vart det elles drive eit privat meieri –Nordfjordeid Meieri – frå 1921 til 1926, det meste av tida av Anders Jaarvik frå Jæren.

Mæhlheim Meieri ved Hornindalsvatnet vart drive i to år frå 1897.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.01.2011