Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Hotell på Nordfjordeid vart opna i 1974. Hotellet var eigd av eit «folkeaksjeselskap» av næringdrivande i Eid.

Etter konkurs vart det i 1982 overteke av noverande direktør Eli Førde Aarskog, og sidan utvida i fleire byggjesteg til 55 rom og 110 senger. Hotellselskapet driv òg restauranten «Expeditionen» på Nordøyrane i tillegg til hotellet.

På Nordøyrane dreiv Førde Aarskog også campingplass i nokre år.

Eli Førde Aarskog. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eli Førde Aarskog. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Restauranten Expeditionen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Restauranten Expeditionen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.01.2011