Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Lenestolfabrikk A/S

vart grunnlagd på Nordfjordeid i 1949 av Elias Sefland, Hans Hatlelid og Herman Aasebø.
Fabrikken laga sofaar og lenestolar og heldt til på Alsaker og sysselsette opp til fem mann. Hans Hatlelid flytta etter nokre år austover til Lena, og Elias Sefland starta eigen reparasjonsverkstad for møblar ved Øyane på Nordfjordeid. Herman Aasebø dreiv lenestolfabrikken på Alsaker til ca. 1960.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2010