Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Skisenter AS

Nordfjord Skisenter AS i Hjelmelandsdalen vart skipa i 2000, og er eigar og drivar av alpinanlegga og dei andre skianlegga på Harpefossen, der det vart bygt skitrekk alt i 1964, som det første i Sogn og Fjordane.

Det er idrettslaga på Haugen og Stårheim som eig Nordfjord Skisenter AS. – Sjå elles eigne artiklar om Haugen Idrettslag og Stårheim Idrettslag, Skiskyttarane frå Stårheim .

I 2010 har Nordfjord Skisenter fem heisar og åtte nedfartar. I tillegg er det mange kilometer med langrennsløyper.

Nordfjord Skisenter har åtte nedfartar. Foto: Nordfjord Skisenter.

Nordfjord Skisenter har åtte nedfartar. Foto: Nordfjord Skisenter.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011