Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Sparebank

Bankbygningen frå 1881 er gjort om til kulturhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbygningen frå 1881 er gjort om til kulturhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Sparebank vart skipa i 1853 og er ein av dei eldste i fylket.

Grunnfondet kom frå salet av bygningen som husa Nordfjord kornmagasin på Mel (sjå elles Erik O. Nord ). Tilsvarande grunnfond frå sal av kornmagasin la grunnlaget for sparebank m.a. i Lærdal.

I 1971 vart Nord-Vågsøy Sparebank i Måløy, Selje Sparebank og Davik Sparebank innlemma i Nordfjord Sparebank. Ei tid hadde Nordfjord Sparebank filial på Bryggja.

I 1989 vart Nordfjord Sparebank innlemma i Sparebanken Vest.

Sparebanken Vest på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Vest på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbygget vart kulturhus

Den gamle bankbygningen frå 1881 i Eidsgata vart nytta til banken reiste nybygg på nabotomta i 1963. Deretter fungerte det gamle bygget som bibliotek fram til 1980. På 1980-talet var det både snakk om riving og sal av den gamle bygningen, men Sparebanken Vest pussa opp bygget og nytta det til administrasjonshus fram til 1997. Sidan 1998 det vorte nytta av Stiftinga Gamlebanken som kulturhus med m.a. kunstgalleri og kammerkonsertar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011